tirsdag, august 16, 2005

Øyafestivalen

Då va Øya over, eg er litt treg med rapporten her, men no kjem den altså! Bildet her er av gruppa "The polyphonic Spree". Dei er litt av ein gjeng, det sto ein fyr bak meg då dei kom på scenen som sa "Oj, det er jo en hel sekt"! Dei var i alle fall sikkert 30 folk på scenen, pluss et par små ungar. Eg syns litt synd på ungane, dei såg ikkje ut så dei hadde så veldig lyst å vera der. Eg trur det var vokalisten så hadde fått ungane med seg, dei gjekk og klenga på han heile tida. Han såg då litt ut som jesus, det var nok med vilje. Han stilte seg stadig vekk opp med armane ut til sida, i sånn jesus posisjon liksom.

Ellers så var eg på fleire konsertar og, men eg var egentlig mest oppslukt av min viktige jobb som vakt. På lørdagen begynte eg å bli lei, så då sneik eg meg vekk og såg nokre konsertar. Fekk med meg ein herlig Franz Ferdinand konsert, og ein fantastisk Madrugada konsert. Eg elsker Sivert Høyem. Eg tok då sånn ca tusen bilder, men ikkje ett av dei blei bra. Det er tok av storskjermen blei sånn passe bra, hehe, litt juks, men eg sto så langt vekke fra scenen. Eg skal finne ein måte å legge ut fleire bilder på etterkvart. Har et fint et av meg der eg går på vatnet... ;)

Eg såg kjempemange B og C kjendisar på øya då, eg bare ramse dei opp: Idol-Christian, Idol-Sandra, Cæsar-Vilde, Kaiser-Jan-Ove, Håkon Moslet, Berte Rommetveit, Anita Reinton Utgår, Nicolai Eilertsen... Var sikkert fleire, men eg hugser ikkje fleire akkurat no.

Må bare nevne her at det var min gode venn Marius som gav meg den taxien som eg fekk Håvard Lilleheie, han vil framstå som ein gentleman, så det var viktig at eg skreiv det her. ;)

No må eg gjera nåke fornuftig.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Du kan jo bli ein god journalist du visst du får til å ta bilder då.

Ragnhild sa...

Haha! ;)