torsdag, august 25, 2005

Snart klar!

Ok, sekken er pakka! Nesten i alle fall, eg holde på å vaska nokre kler, og så er det litt småting igjen som må ordnast. Eg har fremdeles ikkje stemt, trur det er det einaste igjen på "ting eg må gjera"-lista mi. Jaja, ordner det i morgon, eg er jo nesten ferdig å pakke, så i morgon har eg ingenting å gjera på. Utenom ein veldig viktig ting, eg må sjå så masse tv at eg klarer meg uten i 2 måneder. Eg har jo stort sett ikkje gjort noko anna dei siste to vekene, så eg burde klare meg no. ;)

I kveld skal meg og mine kjære brødre ut og eta middag på Little India, det er ein indisk restaurant på grønland som har kjempegod mat. Eg glede meg, sulten som ein ulv er eg og. Pappa, eg skal prøve å ikkje bruke så masse pengar, men dette er den einaste måten eg kan få ein avskjedsmiddag uten å lage den sjøl. ;)

Steikje, eg reise i morgon, sprøtt, viss me ser på statistikken komme vel ein av dei 3 flyene eg skal ta til å styrta. "Verste flymåned på tre år, fem store styrt, minst 331 døde så langt", var den kjekke overskrifta eg leste i Dagbladet i dag. Men slapp av, ingen problem, for alle kjendisane i europa er på vei til Miami for å gå på MTV video music awards. Så viss me kræsje på ei øde øy, så er eg i godt selskap. Mitt fly går altså til Miami, så eg er sikker på at alle dei kjekke skal ta samme fly som meg ;)

Nok vrøl for ein dag, no skal eg ut og eta ein deilig middag.

1 kommentar:

Anonym sa...

Sørg for at du og kjendisane ikkje landar på ei øy med dinosaurar i og galne franske kvinnfolk i jungelen.

Men du får ha lykke til på eventyret over atlantern, passa på deg sjølv og sørga for at du kjem heim att lika heil ;)