Ok, eg har stemt, eg har pakka, eg har farga håret, eg har gjort alt. Men orkanen Katrina kan eg ikkje gjera noko med. Dritt. Sjølvsagt måtte det bli orkan når eg skal ut og fly langt. Eg kunne spøka med kjendis-styrten min i går, men ikkje i dag. Nei, det er ikkje mykje tull i meg i dag. Dama på reisebyrået sa at flyet sannsynligvis kjem til å gå i morgon, men det blir kanskje forsinka eller noko sånt. Eg for min del trur ikkje me kjem oss lengre enn til Paris i morgon.
For å gå over til noko heilt anna, eg prøver å finne meg eit spansk namn, sidan folka der nede sikkert ikkje klarer å sei Ragnhild, så tenkte eg at eg skulle finne eit alternativ. For eksempel så introduserer Sigurd (han som har reiseprogram på TvNorge av og til) seg alltid som Siggy når han reiser. Mi venninna Ellen blei til Elena når ho var i Mexico. Det er jo litt kult, men eg kan ikkje bli Elena. På dei spanske namn internettsidene eg har funne er det ikkje så mangen bra namn på R. Me har Raquel, uff, og Rosita, det er jo greit nok. Ellers er det Rosa, Rafaela, Ramona (hihi), Reina, Remedios, Renata, Rita, Ricarda og Roxana. Hehe, ikkje så veldig mange tiltalande namn. Nokon som har forslag?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Roxana ja? hm, trur kanskje da va litt sånn badass navn, eg e jo ganske snill egentlig. Eller kanskje eg trenge et litt badass navn, for å virka litt tøffare?
Forresten, ingen storm kan stoppa Roxana! ;)
Legg inn en kommentar