tirsdag, august 23, 2005

Narkis-Ragnhild!

I går var eg på apoteket og kjøpte alt dei hadde. Hehe, eg følte meg veldig som ein narkis. I tillegg til at eg henta malariatablettane mine då. Sekken er nesten full allerede bare av skulebøkene og dopen min. Eg har og fått meg ein ny parfyme til turen, den heiter MyggA. Veldig ekslusiv duft. Den skal eg smøra over heile kroppen kvar dag, ah, det blir deilig. ;) Malariatablettane mine er kjekke då, dei har tåkesyn som bivirkning! Hoho, det kan bli spennande! Eg satse helst på å styre under den bivirkningen.

Ellers så må eg jo stemma før eg reise då, og eg må sei, det er heilt dønn umulig for meg å velge eit parti. Eg har nesten ikkje ein einaste politisk meining, eller peiling på kva dei forskjellige partiene meiner. Så eg tok eit par testar på nettet. Tv2 nettavisen sin test ville at eg skulle stemma Venste, Høgre kom på andre plass. Aftenposten sin test ville at eg skulle stemma Arbeidarpartiet. Hm, kva blir resultatet då egentlig? Eg trur kanskje eg bare skal stemme det samme som ein eller annan smart person stemmer.

I går var eg på pub til pub runde på Blindern (kjellarane på universitetet). Det var greit å komme litt ut av leiligheten etter ei vekas tid innelåst her. Meg og Rikke satt først ei stund oppe hos ho og babla litt over ei flaska vin, og når me endelig kom oss ned til blindern, var det umulig å få tatt ut pengar. Det var ein milelang kø i minibanken, men kjellarane tar ikkje kort, så me måtte bare holda ut. Så gjekk me på Uglebo, det er då HF(humanistisk fakultet) sin kjellar. Den har vore stengt i eit år no fordi dei mista skjenkeløyvet sitt. Så det var første gongen me var på vår egen kjellar ;) Det var i alle fall veldig koselig der, herlig med ein uteplass som speler bra musikk, takk Uglebo! Så måtte eg på grunn av økonomiske årsaker gå heim, det var kjipt. Veien heim går forbi Nordre Gravlund, grøss!

No skal eg gjera litt spansk leksa her!

1 kommentar:

Ragnhild sa...

Eg skal studera, spansk og latinamerikastudier ;) Blir vekke i 3 månedar, sånn ca. Glede meg no! ;)