onsdag, august 31, 2005

Hola!

hei, skal proeve aa skrive litt meir her, gjorde et forsoek paa aa faa bilder innpaa og, men det var ikkje saa lett, eg faar finna paa naake lurt. han likte oss han saa jobba her, me fekk 10 min gratis av han! tjoho!

ok, me er altsaa 45 norske studentar her, 8 gutta (2 av dei gamle menn) og resten jenter, eg er litt bekymra for at det kan bli litt braak med saa masse jenter, men foreloebig gaar det bra! i dag har me vore paa skulen ein tur, men meg og tine (min roommate) hadde bare ein time, saa me gjekk heim tidlig, me tok daa buss fra stando te byen, det tar ca ein halvtime, me betalte 9 kr
kvar :) men da besta va egentlig naar dei skifta sjaafoer paa bussen, mens dei kjoerte! hehe, det var kult, litt skummelt kanskje, men kult. dei har daa et veldig enkelt trafikksystem her, bilane bare tute foer dei komme over ein bakketopp, ein sving eller et kryss, saa flytte dei andre bilane seg, eller stoppe. da virke saa da funke, bilane suse forbi, ingen forgjengarovergangar.

huset vaart er som sagt ganske fint, det er lite dyr der inne, bare litt gekkoar paa badet, det er saanne dyr som ser ut som pittesmaa firfisler... ;) men dei er ikkje skumle, dei ete mygg, me like dei! eg har sjoelvsagt allerede faatt masse myggstikk, men eg doer nok ikkje av dei, tar jo malariatablettar!

me har starta ein middagsklubb daa, meg og tine, ogsaa to av guttane (naermare bestemt martin og fredrik). det er jo billig aa gaa ut og eta, men me har tenkt aa laga oss mat ein del og, 2 maaneda paa restaurant blir litt kjipt. uansett, i dag e da meg og tine sin tur te aa laga middag, saa me maa nesten gaa no! maa finna litt ingrediensa paa supermercadoen! guttane lagde den gode middagen te oss i gaar daa, saa me har stort press paa oss, men eg drite i da, eg lage spagetti og kjoettdeig!

snakkes alle sammen!

(mamma og pappa: tlf til huset vaart er +505 889 1891, spoer etter meg, men det spoers om sonja skjoenne ka daake vil... :) du faar bruka spansken din pappa!)

søndag, august 28, 2005

Tjoho, eg overlevde!

Ja, daa er eg altsaa framme i Nicaragua, naermare bestemt i byen Leon. Alt gjekk bra, litt venting i Miami, men ellers ingen troebbel med flyingo! Eg skal bu i Casa Kolibri som er eit kjempekoselig hus, me har ein saann liten hage inni huset paa ein maate med hengekoeyer og greier i. Dusjane og doane va heilt greie! Eg er altsaa veldig fornoeyd. Folko eg bur med er og kjekke, eg valgte aa havna paa rom med ei fra nord-troms, men eg har jo saa godt lag med nordlendinga fra foer, ho er veldig kjekk. Eg har ikkje sova i natt grunna ekstrem matmangel og jetlag, men det skal eg nok ta igjen i natt foer skulen begynner. Bilder av plassen kjem snart, eg maa berre finna meg ein litt meir moderne nettcafe, saa er det nok i boks!

No skal me gaa og faa litt info og saant, skulle berre sei at eg overlevde flyturen egentlig!

fredag, august 26, 2005

Raquel eller Rosita?

Ok, eg har stemt, eg har pakka, eg har farga håret, eg har gjort alt. Men orkanen Katrina kan eg ikkje gjera noko med. Dritt. Sjølvsagt måtte det bli orkan når eg skal ut og fly langt. Eg kunne spøka med kjendis-styrten min i går, men ikkje i dag. Nei, det er ikkje mykje tull i meg i dag. Dama på reisebyrået sa at flyet sannsynligvis kjem til å gå i morgon, men det blir kanskje forsinka eller noko sånt. Eg for min del trur ikkje me kjem oss lengre enn til Paris i morgon.

For å gå over til noko heilt anna, eg prøver å finne meg eit spansk namn, sidan folka der nede sikkert ikkje klarer å sei Ragnhild, så tenkte eg at eg skulle finne eit alternativ. For eksempel så introduserer Sigurd (han som har reiseprogram på TvNorge av og til) seg alltid som Siggy når han reiser. Mi venninna Ellen blei til Elena når ho var i Mexico. Det er jo litt kult, men eg kan ikkje bli Elena. På dei spanske namn internettsidene eg har funne er det ikkje så mangen bra namn på R. Me har Raquel, uff, og Rosita, det er jo greit nok. Ellers er det Rosa, Rafaela, Ramona (hihi), Reina, Remedios, Renata, Rita, Ricarda og Roxana. Hehe, ikkje så veldig mange tiltalande namn. Nokon som har forslag?

torsdag, august 25, 2005

Snart klar!

Ok, sekken er pakka! Nesten i alle fall, eg holde på å vaska nokre kler, og så er det litt småting igjen som må ordnast. Eg har fremdeles ikkje stemt, trur det er det einaste igjen på "ting eg må gjera"-lista mi. Jaja, ordner det i morgon, eg er jo nesten ferdig å pakke, så i morgon har eg ingenting å gjera på. Utenom ein veldig viktig ting, eg må sjå så masse tv at eg klarer meg uten i 2 måneder. Eg har jo stort sett ikkje gjort noko anna dei siste to vekene, så eg burde klare meg no. ;)

I kveld skal meg og mine kjære brødre ut og eta middag på Little India, det er ein indisk restaurant på grønland som har kjempegod mat. Eg glede meg, sulten som ein ulv er eg og. Pappa, eg skal prøve å ikkje bruke så masse pengar, men dette er den einaste måten eg kan få ein avskjedsmiddag uten å lage den sjøl. ;)

Steikje, eg reise i morgon, sprøtt, viss me ser på statistikken komme vel ein av dei 3 flyene eg skal ta til å styrta. "Verste flymåned på tre år, fem store styrt, minst 331 døde så langt", var den kjekke overskrifta eg leste i Dagbladet i dag. Men slapp av, ingen problem, for alle kjendisane i europa er på vei til Miami for å gå på MTV video music awards. Så viss me kræsje på ei øde øy, så er eg i godt selskap. Mitt fly går altså til Miami, så eg er sikker på at alle dei kjekke skal ta samme fly som meg ;)

Nok vrøl for ein dag, no skal eg ut og eta ein deilig middag.

tirsdag, august 23, 2005

Narkis-Ragnhild!

I går var eg på apoteket og kjøpte alt dei hadde. Hehe, eg følte meg veldig som ein narkis. I tillegg til at eg henta malariatablettane mine då. Sekken er nesten full allerede bare av skulebøkene og dopen min. Eg har og fått meg ein ny parfyme til turen, den heiter MyggA. Veldig ekslusiv duft. Den skal eg smøra over heile kroppen kvar dag, ah, det blir deilig. ;) Malariatablettane mine er kjekke då, dei har tåkesyn som bivirkning! Hoho, det kan bli spennande! Eg satse helst på å styre under den bivirkningen.

Ellers så må eg jo stemma før eg reise då, og eg må sei, det er heilt dønn umulig for meg å velge eit parti. Eg har nesten ikkje ein einaste politisk meining, eller peiling på kva dei forskjellige partiene meiner. Så eg tok eit par testar på nettet. Tv2 nettavisen sin test ville at eg skulle stemma Venste, Høgre kom på andre plass. Aftenposten sin test ville at eg skulle stemma Arbeidarpartiet. Hm, kva blir resultatet då egentlig? Eg trur kanskje eg bare skal stemme det samme som ein eller annan smart person stemmer.

I går var eg på pub til pub runde på Blindern (kjellarane på universitetet). Det var greit å komme litt ut av leiligheten etter ei vekas tid innelåst her. Meg og Rikke satt først ei stund oppe hos ho og babla litt over ei flaska vin, og når me endelig kom oss ned til blindern, var det umulig å få tatt ut pengar. Det var ein milelang kø i minibanken, men kjellarane tar ikkje kort, så me måtte bare holda ut. Så gjekk me på Uglebo, det er då HF(humanistisk fakultet) sin kjellar. Den har vore stengt i eit år no fordi dei mista skjenkeløyvet sitt. Så det var første gongen me var på vår egen kjellar ;) Det var i alle fall veldig koselig der, herlig med ein uteplass som speler bra musikk, takk Uglebo! Så måtte eg på grunn av økonomiske årsaker gå heim, det var kjipt. Veien heim går forbi Nordre Gravlund, grøss!

No skal eg gjera litt spansk leksa her!

søndag, august 21, 2005

Adelante!

I dag er alt betre! Eg har altså fått meg ett eget rom! Og nøkkel til leiligheten! Jey!

Men det aller beste med i dag, er at eg endelig kan sei "Eg reise på lørdag!". Det er ganske deilig å sei, sjøl om eg begynner å bli ein smule stressa. Det er så masse eg må ordne og kjøpe, men eg kan jo ikkje kjøpe ein dritt før lånekassen har gitt meg pengar. Det hjelper ikkje saken at alle dei andre eg skal reise med har fått pengane sine for lengst. Eg er stygt redd for at noko gale må ha skjedd, dei har sikkert tutla vekk søknaden min eller noko sånt. Dios mio!

Eg begynner å bli ganske god i spansk som dåke ser, hehe, adelante er mitt yndlingsord! Det betyr "kom inn". Dios mio er litt gøy det og.

No skal eg prøve å lera meg litt meir, sidan eg tok rommet, ligger det ein annan fyr og sover inne i stova, så eg kan ikkje sjå på tv. Men det er sikkert like greit, eg har jo lekser å gjere.

lørdag, august 20, 2005

Hjelp!

Ok, ikkje så gøy å ha soverom i stova lengre. I kveld har det vore kjerestemiddag her, med to grusomt forelska kjerestepar. Uff, eg bur jo i stova, men der kunne eg ikkje vera. Så eg har gjømt meg på Ole sitt rom og kjeda meg heilt vanvittig! Eg satt bare og venta og venta til dei skulle gå, men når det endeleg skjedde vart eg skuffa. Stova er full av tomme flasker og glas og matrestar. Eg rydda av bordet, sjøl om eg er i mot å rydda etter andre. Eg måtte bare rydde litt, skal jo sove her inne. Desse psycho-vegetarianer folka har åte noko som luktar ekstremt ille.

Eg vil ha et soverom!

Nei, eg kunne ikkje gått ut i staden for å kjeda meg heime, for eg er heilt totalt blakk! Tjoho! (Få opp farten lånekassen!)

Aj, Dios mio! Nokon av naboane har fest, veggane seier dunk dunk dunk! Dette blir ei fin natt! I morgon legger eg meg på ein benk i ein park i staden for!

torsdag, august 18, 2005

Ragnhild Vakt!

Ser er ikkje litt ut som Jesus? Kanskje ikkje... Eg prøvde! Øyafestivalen hadde då ein kunst innretning, ein slags greia under vatnet i vannspeilet som gjorde at me kunne gå på vatnet. Denne var det sjølvsagt kø på heile festivalen, så Ragnhild fekk ikkje prøva den før lørdag kveld, når festivalen var over, og me hadde jaga alle ut. Eg fekk eit par av mine vakt venner til å ta bilde, men det var så mørkt... Ser nesten bare ut så eg står på strando. Men eg følte meg i alle fall som Jesus når eg gjekk der! ;)

Eg får i alle fall visa meg fram i den fine vakt t-skjorto mi! Viss dåke ser godt etter kan dåke sjå at eg har ein walkie talkie i beltet. Det var ganske bra kult! Sambandet, som det heitte så fint, gjorde heilt jobben verdt det. Eg sto jo bare og hørte på det heile dagen. Det var underholdning nok. Fekk blant anna med meg at Espen Thoresen var inne på backstage området og spurte om tillatelse til å skyta opp 2 nødbluss. Etter mykje om og men, politiet var med i bildet, fekk han ikkje lov. Stakkars. I tillegg var det ein del meldingar på sambandet om folk så prøvde å komme seg inn på festivalområdet med gummibåtar og det som på sambandet blei omtalt som ein bade gakkgakk! Eg tørte då bare å sei ein melding på sambandet: "Parkering Borgen til OP", sa eg. "OP svarer". "Er det mulig å få nåken regnponchoar opp her?". Hehe, det var min viktige melding på sambandet. Spennande? Ja! ;)

Ok, nok for i dag!

tirsdag, august 16, 2005

Øyafestivalen

Då va Øya over, eg er litt treg med rapporten her, men no kjem den altså! Bildet her er av gruppa "The polyphonic Spree". Dei er litt av ein gjeng, det sto ein fyr bak meg då dei kom på scenen som sa "Oj, det er jo en hel sekt"! Dei var i alle fall sikkert 30 folk på scenen, pluss et par små ungar. Eg syns litt synd på ungane, dei såg ikkje ut så dei hadde så veldig lyst å vera der. Eg trur det var vokalisten så hadde fått ungane med seg, dei gjekk og klenga på han heile tida. Han såg då litt ut som jesus, det var nok med vilje. Han stilte seg stadig vekk opp med armane ut til sida, i sånn jesus posisjon liksom.

Ellers så var eg på fleire konsertar og, men eg var egentlig mest oppslukt av min viktige jobb som vakt. På lørdagen begynte eg å bli lei, så då sneik eg meg vekk og såg nokre konsertar. Fekk med meg ein herlig Franz Ferdinand konsert, og ein fantastisk Madrugada konsert. Eg elsker Sivert Høyem. Eg tok då sånn ca tusen bilder, men ikkje ett av dei blei bra. Det er tok av storskjermen blei sånn passe bra, hehe, litt juks, men eg sto så langt vekke fra scenen. Eg skal finne ein måte å legge ut fleire bilder på etterkvart. Har et fint et av meg der eg går på vatnet... ;)

Eg såg kjempemange B og C kjendisar på øya då, eg bare ramse dei opp: Idol-Christian, Idol-Sandra, Cæsar-Vilde, Kaiser-Jan-Ove, Håkon Moslet, Berte Rommetveit, Anita Reinton Utgår, Nicolai Eilertsen... Var sikkert fleire, men eg hugser ikkje fleire akkurat no.

Må bare nevne her at det var min gode venn Marius som gav meg den taxien som eg fekk Håvard Lilleheie, han vil framstå som ein gentleman, så det var viktig at eg skreiv det her. ;)

No må eg gjera nåke fornuftig.

fredag, august 12, 2005

Drittvaksiner...

Ja, no sitte eg her, midt på natto og spyr... Tusen takk kjære vaksiner! Viss ikkje dei vaksinene redde livet mitt i Nicaragua, så blir eg veldig veldig sint! Det var ikkje min plan å bli sjuk i natt, eg skal jo liksom på jobb på øya kl 10.00 i morgon. Det er ikkje ein så gøy at da e fælt å gå glipp av den, men eg vil jo på festival! Dritt... Det er alt eg har å sei! Eg har framleis eit håp om at det gir seg snart, uansett kommer eg jo til å vera daudtrøtt når eg skal jobbe i morgon. Dritt.

onsdag, august 10, 2005

Tigerstaden

No er eg altså komt meg til Oslo, ikkje så lenge til avreise no nei! Sitter i stova til Ole og Johannes (min midlegtidige bustad) og ser på gamle filmar på TCM. Det er ganske underholdande faktisk, mennene er så stilige, med dei kule hattane sine og sånt. Og så er dei så tøffe, beinharde.

I morgon skal eg på Øyafestivalen, som gjest i morgon, så skal eg vere vakt på fredag og lørdag. Hehe, vakt=makt! Det blir ei artig helg, til tross for regnet. Eg skal lure meg til å vera vakt på backstage området eg, hehe, fin jobb, bare henge med kjendisane heile dagane! Ah... det blir bra!

tirsdag, august 09, 2005

Velkommen!

Velkommen til denne fantastiske bloggen. Eg hadde tenkt å vente meg å legge den ut til eg hadde reist til Nicaragua, men plutselig skjedde det noko eg kunne skrive om. Så eg begynner min blog karriere no i staden for. Eg skal jo skrive om spennande ting som skjer med meg her i denne bloggen, og det skjedde altså noko på lørdag.

Eg tok taxi heim med Håvard Lilleheie! Kult eller? Det var då ikkje bare meg og Håvard, men ein heil gjeng av hans venner og. Dei hadde vore i bryllup. Og dei inviterte meg med på narchspiel! Eg er jo sjølvsagt altfor feig til å takke ja til invitasjonen. Men det vart allikevel ein opplevelse for meg, eg elskar jo å treffe kjendisar. ;)

I morgon forlate eg sommarøyo, og eg blir vekke eit heilt halvt år. Det blir hardt, så lenge vekke fra øyo. Jaja, eg klare meg vel. Reise først til Oslo, skal dassa der i nokre veker, så sette eg kursen til andre sida av verda. Tjoho! ;)

Eg håper alle set pris på denne bloggen, eg kommer forhåpentlegvis til å oppleve mer spennande ting, sånn at eg har noko å skriva!